torsdag 17. desember 2009

Rett før juleferien

Nå he mi just hatt ein forestilling for personale + andre ukjente folk, som varte i 1,5 timer. Mi brukte ei og ein halv veke på å lage den. Mi gruppe laga ein liten sketsj om pepperkake massakeren i Bergen. Mi hadde kor, og så lenge man kom med forslag til sang, så kunne dei være solist. Man trengte ikkje å kunne synge ei gong, og det var litt smertefult å være med på. Collagen var utrulig deilig å bli ferdig med, og det som eg syns var det morsomaste var å sjå Helge danse disco. Han var den som dansa tydeligst, med skikkelige hoftebevegelser. Det var ein ann ein som skulle være midtpunktet og sånn show off, men eg tru Helge dro mest oppmerksomhet. Dei andre i gruppa kunne virkelig ikkje bevege hoftane, og det såg så morsom ut i kontrast til Helge. Mi fekk pinnekjøtt og ribbe før fremføringa, og for ei gongs skjuld smakte maten kjempe godt!

Igår las eg ein nyhet som eg blei litt sinna og overraska av. Det kan bli forbud mot å selge hockey pulver og marsipanpølser. Eg like ikj marsipan, men hockey pulver er ein a favorittane mine. Og grunnen til at dei ikkje vil selge d? Det ligne på tobakksvarer! Det er ein a dei mest idiotiske tiltakane mot tobakk eg noen gong he hørt. Det er sikkert bra at dei skal gjømme tobakken i butikken eller noe, men å fjerne godteri for d ligne på d. Ikkje er tobakk forbudt heller. Nei det var bare for dumt, eg håpe på at det var ein spøk, for eg vil ha hockey pulver :( http://www.adressa.no/forbruker/article1422786.ece

I dag klippa eg meg, og ganske så mye meir enn eg pla klippe. Eg klippa meg i coop bygningen i Moi kor det er noen frisører. Flakst at dei hadde tid denne veka egentlig. Eg he aldri opplevd at dei va nødt til å slette håret mitt for å klippe det før, men d gjorde dei då. Eg føle det er ganske kort, og når eg fær dusja og håret bli krøllete igjen så bli det jo endå kortere, d bli litt skummelt. Eg he egentlig ikkje hatt kort hår sia tredde klasse.

Imåra er det ferie. Først er det noe "jul i andre land" opplegg, og kjørka. Men så skal eg kjøre hemmat til jul. Eg glede meg til å høre på julemusikk, ete gode julekake og bare kose meg heime. Ein ting som er litt trist er at Helge bestilte pakke til meg, men den har ikkje kommet, så håpe skula kan sende den videre til meg. Mi he bestemt at eg skal til han og feire nyttår, det glede eg meg til. Møte han sine venne og noen a søskenan.

Jaja, nok for denne gong, og go jul, hvis eg ikkje skrive før den gang.

tirsdag 8. desember 2009

I disse juletider

Så he d vist blitt 8 desember allerede, og som sist år he eg ingen kalender å åpne. Eg savne pakkekalenderen som mamma lagde før, men sånn e d når man bli så stor at man ikkje bu heime lengre. Eg hekje fått så veldig mye julestemning, mye for at det ikkje er snø her på Moi og at eg ikkje gjer noe som e så veldig juleaktig. Eg ser jo ikkje på noen julekalender på tv heller.

Men sist frihelg fekk eg litt julestemning, koselig va d vertfall å være heime å bake julekake med mamma. Også va d jo julegateåpning i Åseral, men d ga meg ikkje så mye stemning for d va kaldt og d rigna og eg fant ikkje dei få folka eg like å henge med, så det blei eit kort opphold. Sist år begynte dei tydligvis med ein ny tradisjon i Åseral, for dei he gjort d i år au. I stedet for ei stjerne i toppen av treet, he dei sånn sirene lys som blinke. I fjor va det rødt lyd, og i år er det et kvitt lys som blinke skikkelig sterkt, fekk litt vondt i augane kan man sei ja.

På Lundheim he mi hatt juleverksted. Eg va egentlig påmeldt til å lage julekort, men så va d fult i det rommet, så min "gjeng"; Helge, Joachim og Astrid, laga noen skikkelig stygge julelenke sånn som man laga i barnehagen. Eg leverte d bare i ein haug, og eg hekje sett den igjen, så kanskje den blei hivt? Det er mye barnslig pynt omkring, og eg fær følelsen av å gå i barnehagen, og ikkje så mye julefølelse. Eg fekk pakkekalender påse a skula, og den inneholdt julenisse sjokolade, sånnt som eg ikkje like, så eg ga d vekk.

I stede for linje timane denne veka he mi noe som heite collage. Mi må lage sketsj, dans, sang, film o.s.v. Mi gruppe lage ein parodi på pepperkakeby knusinga i Bergen. Mi e veldig enige om at det var unødvendig mye oppblåst i media, så forferdelig va d ikkje, ingen blei skada eller drept, og ikkje blei han skyldige straffa for det heller. Mi jobbe faktisk ganske bra, noe som overaske meg litt. D einaste som e ganske så kjipt e at Helge ikkje e på mi gruppe, han e med sport og lage dans, og han kan ikkje danse, så d glede eg meg t å sjå.

På mårran idag fekk eg ein overaskelse på dørhåndtaket. Det såg ut som om noen hadde hengt sin søppel på døra mi, men det viste seg å være eit kinderegg, og alle andre hadde au fått. Eg som e sånn rar og sånnt, like jo ikkje kinderegg, så Helge fekk sjokoladen. Også fant mi ein lapp inni som d sto om meg, og tydeligvis he eg gjett det inntrykket t den som skreiv d, men mi veit ikkje kem som skreiv dei lappane. Det som sto om meg va: "Rebel med en merksnodig humor og et glimt i øyet". Eg e ingen rebel, eg følle alle regle her egentlig. Einaste som dei ikkje like e at meg og Helge vise at mi e gla i kverandre, og d må mi ikkje. Mi ska sjå ut som om mi bare e venne, åså må mi ta på alle andre utenom kverandre.

I teater må mi være så nær alle, utenom meg og Helge, for mi e jo sammen. Læreren sa faktisk ja når eg sa at d e greit at eg teke på alle utenom Helge. Også i psykologi hadde mi den værste timen noensinne. Mi måtte deles opp i grupper; rullestol folk, og dei som kan gå. Så måtte mi springe fram og t bake i ein lang rekke og sei ting som mi e best eller noe, mens dei i rullestol måtte sei bæ bæ, gakk gakk, og sånne utrulig teite ting. Då følte eg at læreren gjorde akkuratt d denne skula skal forhindre, å ha d morsomt på rullestolbrukerers bekostning. Åså måtte mi masere kverandre i ein stor orgy heile gjengen, og mye annt som e virkelig ubehagelig og bryter mange sine intimsoner. Heldigvis hadde eg Helge på sia meg, men eg hadde ein ann gutt som e sånn 2m på den andre sia. Eg sa ifra t læreren kå eg meinte om d med rullestolbrukerane, for eg blei så provosert.

Også he mi begynt ny valgfag, bare for å ha sagt d. Eg he valgt webdesign og Konsperasjon og mysterier. Begge fagan e så langt veldig interessante. Sist hadde eg skyting og filmklubb. I skyting føle eg at eg blei litt flinkare, det va gøy vertfall, men kaldt. Og i filmklubb, he mi sett noen a favoritt filmane mine, pluss andre bra filme.

Nok for denne gang. Hvis folk leser bloggen min så håper eg dei kan legge igjen ein kommentar for gøy ;P

torsdag 3. desember 2009

Kinaturen

Nå er det lenge sia eg va til Beijing, kina, men eg huske dei grunnlegganse tingane som skjedde og inntrykkane eg fekk. Det er litt greit å vente ein periode å skrive, så bli det ikkje så langt fordi eg ikkje huske like mye. Eg kjeme nok til å skrive ein del negativt, for det var så pass stor kultur forskjell, at det oppleves negativt med ei gong. Sånn pla det å være når eg he vært å reist ofte, men etter litt tid, så bli det nok huska som ein spennanes opplevelse.

Dag 1:
Fyst så reiste mi jo til Sola flyplass og fløy til København, og så tok mi fly der ifra til Beijing. Den siste flyturen tok 9 timer, og pluss noen timer med venting øvealt, så blei det ein ganske så lang tur. Dette er den lengste turen eg he hatt, sia eg bare he reist rundt i Skandinavia og veldig nærme i Europa.

Dei fyste timane va ikkje så ille på flyet, for man hadde sånn underholdnings skjerm i sete fåran, der man kunne spille og sjå film. Mi reiste jo på dagen, men det blei ettekvert seint i Norsk tid, og når mi landa var det tidlig ettermiddag i Beijing. Aldri he eg opplevd jetlag på denne måten, 6 timer i forskjell!

Dag 2:
Frå flyplassen rett til ein panda dyrehage. Det var sånn 4 pandaer eller noe, og dei hadde veldig liten plass å være på, skitne og trøtte va dei au. Det såg skikkelig stakkarslig ut. Eg tykte meir synd på dei, enn at det va kult å sjå pandaer. Så slappa mi bare av på Hotellet og hadde fyste mat sjokket då mi åt middag. Det var noe som ligna på kylling, men som hadde ein pudding aktig konsistens, og som viste seg at va tofu. Det smakte skikkelig kvalmt, så eg åt meg mett på ris.



Maten generelt på heile turen va egentlig heilt forferdelig. Eg tru magesekken min krympa litt på turen, for eg smakte som regel bare litt på noen ting, og så åt litt ris, for alt smakte ekkelt og bittert aktig, det va vertfall ingen nudler som mi fekk, noe som eg trudde va typisk kinesisk mat. Mi va for det meste på sånn fancye resturanger, kor mi fekk bittesmå biter med kjøtt, som smakte ekkelt og rart, og ein haug med grønnsake og litt ris. Men ha i mente at eg e ekstremt kresen i matveien då. Eg fekk nå øvd meg på å ete med spisepinner, sjøl om eg ikkje åt noe serlig.

Og på hotellet oppdaga mi at man ikkje kunne inn på facebook og youtube, fordi Kina er så streng mot vestlig påvirkning.

Dag 3:
Så gjekk turen til ”Den himmelske freds plass”, som for øvrig ikkje var så spesiell å sjå på, det var eit stort torv med ein bygning med eit himla stort maleri av Mao, denne fantastiske diktatoren/ formann eller noe sånnt. Alle elske han i Kina vist nok, sjøl om det var han som gjorde at dei ødela ein stor del av gamle kina i den store revolusjonen. Han hadde himla strenge regle som sikkert mange følle ennå, sia Maos lille røde, ei bok med han sine tanker og regler som alle solgte øvealt.



Så gjekk mi til ”Den forbudte by”, navnet kjeme fra at det var bare keiserer og sånne rikmannsfolk som fekk lov til å være der, og ikkje det vanlige kinesiske folk, men som åpenbart blei åpna ei gong. Heile byen va ein haug med porter og torv aktig plasser, fra ein fantastik stor port til den neste, det var på eit utrulig stort område, for mi gjekk og gjekk lenge.

Så va mi innom ein silkebutikk, kor eg fekk kjøpt litt småsuvenire, og mi fekk sett kossen silke bli laga. Det var litt interessant å sjå kå dei gjorde med ”puppen” til larven. Silke er veldig sterk og teke ikkje fyr, det lærte eg på turen. Så hvis noen seie noe er 100% silke, ta fram lighteren.

Dag 4:
Mi reiste ein tur til OL stadion, som var for å være heilt ærlig, litt skuffanes. Det var ingenting å sjå på, og det vakje noe stort. Fancy arkitektur, men det var ikkje så mye å være der for. Sjølve stadion føltes like stor som Start stadion, så eg blei litt skuffa.



Mi va oppi TV- tornet som va Ganske så høgt, tenk kor god utsikt man får 238 m oppe I lufta av heile Beijing. Men det hadde vært hvis ikkje all denne co2`n gjorde lufta heilt tåkete og man egentlig ikkje såg noe serlig. Eg kunne sjå at det var noen bygninger og veier, men man kunne ikkje sjå noe særlig langt. Det stinka skikkelig ille, utrulig forurensa luft, mens eg tru d va sånn luft greie som kom ut av bygningen som gjorde at det stinka verst. Det var litt skummelt å bli stappa inn i ein liten heis sammen med sånn 20 kinesere, det var litt vel trangt, men heldigvis hadde eg Helge som eg kunne gjømme meg i sånn at eg ikkje fekk for mye klaus.

Mi va ein tur på eit kles marked, og eg kjøpte ingeting. På kvelden va mi på ein forestilling med kinesisk akrobatikk. Det var veldig stilig å sjå, for dei va himla flinke. Men mi va så trøtte at eg duppa av litt, og Helge sov igjennom nesten heile forestillinga, og han va ikkje den einaste.

Dag 5:
Mi reiste til ein park og såg på kinesere som hadde morgengymnastikk. Det var for det meste pensjonister. Dei spilte tennis, sparka på sånn rar fargete ting og sånn ”bevege seg sakte” trim, vanskelig å forklare når eg ikkje huske navnet på ting. Eg fekk tatt ein del bilde eg er fornøyd med der, fekk spurt noen folk om å ta bilde a dei, og så såg dei i kamera, noe som gjer bildet mye bedre meine nå eg.


Den kinesiske mur var neste på programmet, og det var ein a dei beste opplevelsane. Det var veldig mange folk selvfølgelig, mange kinesere, men eg gjekk bare med Helge, og det var veldig koselig. Det var ein veldig rar stank av og til, noe det var ofte i Kina. Eg fekk virkelig trent leggmusklane på all den gåinga, det var tyngst i beinan på vei ner. Helge og meg kom heilt opp på toppen, så langt som det gjekk ann å gå fra Badaling. Det er mange områder som er avsperra, for dei ikkje he renovert muren, men mi kom så langt som mulig, og det er eg stolt øve.

Den einaste plassen mi hadde god mat, det var på Hard Rock cafe. Eit kinesisk band framførte mens mi åt, og dei va ganske flinke au. Det var ein fancy restaurant, og mye kult å sjå på. Men eg tykke ikkje at Shakira sin kjole passa inn i ”Hard Rock” cafe.

Dag 6:
Eg hadde gleda meg til å sjå ting som hadde med buddhismen å gjere, og mi besøkte Lama tempelet, kor det var noen buddhister som dreiv å ba med røkelse, og ein gjeng med munker. Eg tørte faktisk å helse på ein munk og spørte han om eg kunne ta bilde, kan ikkje sei at han såg så gla ut.

På kvelden var mi på ein kung fu forestilling, som var om ein gutt sin oppvekst som kung fu master. Det var ganske kult, men når dei prekte kunne man sjå og høre ganske lett at det var døbba, men det var i det minste på engelsk.

Dag 7:
I Kina er det vanlig å bu i boligområde som husane ser ut til å være laga av betong, og det ser veldig fattigslig ut, noe dei er. Men når det skulle være OL, så reiv dei ned husane til folk sånn at dei måtte bu på gata. For OL folkane meinte det så stygt ut, og at folk skulle bu i blokker, som er alt for dyrt for dei fleste kinesere. Men mi besøkte eit a dei områdane, det kalles Hutong boligområde. Mi blei kjørt i sånne som kineserane sykle og det er plass til to, det heite rickshaw. Meg og Helge kjørte sammen, det var litt romantisk, utenom det at det var litt skummelt og det føltes som om mi skulle tippe.

Mi stoppa hos ein a familiane som budde i det område, og mi åt middag der.
Så var mi innom eit te hus, kor ei kinesisk ei prøvde å preke engelsk og forklare kossen man lage te. Mi fekk prøvd litt te, og på slutten, etter at dei hadde reklamert så godt dei kunne, så kjøpte mi litt fra dei.

Dag 8:
Å prute er noe kinesere fær inn med morsmelken tru eg. For nesten øve alt mi gjekk så kunne mi prute på ting. Spesielt på Pearl market, som mi va to gonger. Eg tykte det va veldig ubehagelig og skummelt i begynnelsen. Men etter å ha sett Joachim skjelle ut folk og ødelegge dei sin selvtillit sånn at han fekk prisen døds langt ner, så blei eg inspirert, og følte eg blei ganske god til å prute selv. Eg fekk kjøpt alle dei suvenirane eg ville ha, og uansett i forhold til Norske priser, blei det billig. Alt i kina er døds billig. Så lenge man ikkje bare betale begynnerprisen, for det er det ikkje verdt. Dårlig standard og kvalitet, det meste er falsk, men billig er det.

Siste middagen mi fekk va byens spesialitet, Peking and. Eg tykte ikkje det var noe godt egentlig. Mi pakka det inn i noen rare lefse, og så skulle mi legge inn litt ande kjøtt og ein ekkel saus, og så ete det. Anda var for det meste bare fett, og det vakje noe eg ville ha igjen.

Dag 9:
Heimreisa var litt tortur. For eg var så trøtt, og eg klarte ikkje å sove i det heile tatt, det er umulig å sove sittende. Men å komme tilbake var veldig deilig, spesielt den utrulig gode og reine lufta som mi he i Norge. Og faktisk til maten, som her på Lundheim, er forferdelig, men allikevel bedre enn den i Kina. Det var koselig å bli møtt av ein hylanse glad Tamarin. Det var godt å kunne preke til folk uten å måtte prøve å preke så enkelt som mulig, samtidig som man bruke fingerspråk. Men det var nok ein fin tur, det hadde nok ikkje vært noe bedre hvis det hadde vært arrangert av noen andre, bare at mi kanskje kunne ha bestilt maten sjøl.

I kina gjekk eg for det meste med Helge (selvfølgelig) og Joachim. Ganske underholdanes til tidel kan man godt sei.



Eg blei ikkje så fornøyd med bildane eg tok, fordi eg like best å gå litt aleine å ta bilde, det er då eg kjeme i fotokunst humør. Også angre eg litt på at eg ikkje besøkte fleire hutong område meir, for det kunne eg sikkert ha fått noen gode bilder. Men gjort er gjort, og mest sannsynlig kjeme eg ikkje til å reise til Kina igjen.