torsdag 26. mars 2009

Hjesp...

Njau, lenge sia eg he skrive nå. Eg er trøtt.. Hjesp. legge meg snart ja..

Det va åpen dag på UIA for litt sia. Der helste eg på ein eg gjekk i klasse med i 6. klasse, merkelig greie d, bare sånn "Åy, han kjenner eg". Hah. Han hadde blitt høg. Eg va høgare enn han før, men nå våkse alle fra meg jo, føler meg liten.

På UIA møtte eg på Valentina og Co, og eg blei med den gjengen på Watchmen kino på kvelden. Den filmen var døds morsom! Mye blod og veldig bra slossing. Utrulig ekkelt når han eine knakk armen med albuen og beinet stakk ut, urgh.

Hmm, jau åså var d ministorting i tri dage. Eg va politiker i venstre. Heile opplegget går egentlig på å prøve å felle regjeringa, men det dei andre partiane ville felle regjeringa på var imot venstres politikk så mi blei heller med i regjeringa og ødela d for alle andre. haha.. fytti så sinna folk var på meg. Ute a d blå blei venstre med i regjeringa. Men var d min feil? nai, eg fulgte bare mitt parti. Folk i klassen sparka krok på meg og skjelte meg nesten ut for at eg va i venstre.. skummelt.. Politikk er farlig..

Jau åså er d særemne tid. Eg skrive om VAMPYR! Yaaay.. Endelig noe som er gøy å studere og undersøke. Men alikavel så er d tungt nok å klare å forme ein tekst, er litt redd for at eg kjeme t å skrive alt for mye :S Eg skrive om forskjellane på vampyrane i Dracula, Anne Rice sine vampire chronicles og Twiligt sagaen. Gøy med vampyrer :D.. Vampyr <3

Ooh ja.. eg he fått russekortan mine nå.. endelig.. hmm, lure på kå mitt russenavn bli. eg vil ha noe som he med vampyr å gjere. hehe . overaskelse.

jaja.. eg er trøtt.. blæh.. lite engasjert til skriving i bloggen idag.. god natt..

søndag 8. mars 2009

Ferien i trønderland

Så var det søndag og vinterferien er øve. Eg reiste til sør-trøndelag for å besøke Siri.

Mandag var reisedagen. 11 timer på tog. Eg hadde med meg bok, Illustrert vitenskap, Nemi og selvfølgelig MP3! Eg holdt ut, og eg fant rektig tog å greier. Det var ein ekkel fyr som satt på sia meg noen timer. Han stirra på absulutt alt eg gjorde, kunne såvidt ikj bevege meg uten at han snudde seg mot meg og stirra. Kver gong eg fekk meldig og skreiv melding, til og med kver gong eg bytta sang på mp3 såg han hitt. Og ikkje sånn snik titt m augane, men snu heile hodet. Det var litt creepy ja. Eg såg 6 elger og 3 rådyr. Det hadde blitt mye middag d ja. Siri møtte meg på togstasjonen og mi tok buss heim t ho og åt tortilla :D.

Tirsdag var det modelldag for meg; Siri trengte ein modell for Hollywoodlys oppgave. Eg fekk styla håret, med hårruller greier (som gjorde døds vondt!), og sminka meg så voldsomt. Eg meine nå sjøl at eg såg ut som ei hore då, men det var vist glamorøst, hah. Veldig snodig å være modell, men det var morro å sjå Siri i action og ta med meg noen tips i fotografering. På kvelden var eg på KRIK og spilte vollyball med ein haug med gutter og noen få jenter. Litt tungt i armane, men det var gøy, følte at eg domma meg ut ein del gonger då.



Onsdag var det Trondheim sightseen! Mi reiste til Nidarosdomen og eg fekk endelig sett innsia, noe eg ikkje fekk sist eg var i Trondheim for to år sia. Det er ei veldig fin kjørke, men det vakje låv til å ta bilde inne (sjøl om eg såg ein som gjorde det).


Så reiste mi til "baksida" av Trondheim, gamlebyen som eg like å kalle det, Bakklandet er det ekte navnet. Posebyen i Kristiansand er absolutt ingeting i forhold til Bakklandet. Der var det skikkelig koselig, minna meg om skomaker gata med alle dei gamle byggane og butikkane.


Mi gjekk opp ein lang og skikkelig bratt bakke til Kristiansen festning og eg fekk knipsa noen bilder. Mi va innom ein del butikke og sånn, men fant ikkje akkurat no. Så åt mi pizza på ein Italiensk resturant.

På dagen på torsdag såg mi Ivo Caprino filmer; Reveenka, Karius og Baktus, Askeladden med fleire. På kvelden reiste mi å besøkte ei gammel venninne som au bu der oppi, Åsta. Ho he to utrulig skjønne døtre, Emma (baby spice) og Victoria (posh spice). Det var koselig å sjå kå fint dei he det, kjærasten Eirik, Åsta og døtrane. Huset som dei eige va utrulig fint, utsida var ikkje ferdig oppussa, men innsida ser ut som om den kom fra ein katalog.

Fredag hadde Siri bursta, 19 år å greier. Mi va innom jobben ho sin og såg litt a ein film på dagen. Rett før mi reiste ut, eller egentlig imens, så kom Elin og Åsta på et kjapt besøk. Elin er då søstera til Åsta, som også va ei himla go venninne. Hekje sett dei på to år, sia sist eg va der oppe på besøk hos dei i vinterferien. Meg og Siri reiste t Trondheim og fekk me ei venninne a Siri, Birgitta. Mi va på Studentersamfunnet, ein stor rundt, rosa bygning med mange festlokale. Fleire barer, diskotek, konsert lokale og mange fleire romm. Danko Jones hadde konsert, men det kosta peng, og det var nok litt for mye rock for Siri sin del, så det var mi ikkje på. Mi fekk dansa litt og fekk snakke med noen folk. Det var ein morro opplevelse, for hekje vært på utesteder egentlig, utenom Russekro. Å danse på diskotek til tekno er nok ikkje min ting, føltes veldig rart. Men det var ein gøy kveld. Når mi sto å venta på bussen så gjekk alarmen i bygget å alle måtte ut, det sto ein politibil på utsia au. Mi vakje heime før i to tida, og mi skulle opp halv 6, så det blei ikkje så mye såving.

Så var det å reise heim igjen på lørdagen. Døds sliten etter ca 3 og ein halv times søvn. Tungt var turen ja. To timer i Oslo, kjedelige greie, for eg gidde ikkje å handle. Men eg fant Subway! Så eg hadde meg ein pepperoni subway og fant ein jordbær smoothie, det var eit godt måltid det. Tilsammen reiste eg 15 timer, fra klokka sju til ti på kvelden, så bar det rett til sengs. Ein fin vinterferie var det.

fredag 6. mars 2009

Forferdelig drømm

Eg vokna så utrulig stiv og øyret mitt var heilt kapott. Eg hadde vel sove i samme stilling veldig lenge. Også kom eg på drømmen eg hadde.

Eg var tilbake til Åseral og gjekk på ungdomskula. Eg gjekk rundt aleine på skulegården, ingen ville preke med meg. Så var det ein framføring/ konsert i et klasserom, men utrulig nok var det plass til mange, 200 stykk tru eg at eg sa i drømmen. Det er litt ironisk når det bare er ca 150 elever på den skula. Åså vist nok så skulle eg synge, men eg fekk ikj låv t å vite kå sang det var før dei begynte å spille den og eg skulle synge. Det var ein norsk sang, og eg kunne litt i refrenget. Eg prøvde å synge litt, men til slutt var det nok, eg ville ikj være meir på den forferdelige plassen. Eg sang med samme melodi; til helvete med dykke alle". Også sprang eg ut og skulle rømme fra Åseral.

Eg hadde med meg mange ting, sekk og bagg. Men eg kom bare til bommen rett nedforbi skula. Der var det to brødre fra Åseral, skal ikkje nevne navn. Det hadde vist blitt kjent at eg skulle rømme allerede, så dei skulle stoppe meg, for dei kunne få penge for å fange meg. Den yngste broren begynte å sparke og slå, og når han nesten sparka meg i hodet så sparka eg han i foten i selvforsvar og kom meg laus og sprang videre.

Så hadde dei guttane gått rundt å sagt at eg hadde banka opp den minste broren, og då skulle folk vertfall fange meg. Eg prøvde å gjømme meg og sprang rundt i sentrum. Så fant eg ut at en liten gutt hadde blitt drept, og han var svart (viktig poeng). Då trudde jo folk automatisk at det var meg som hadde drept han, og då ville folk ikkje bare fange meg, men skade/ drepe meg. Folk spytta på meg og sprang etter meg, eg prøvde å springe over veien men eg blei dratt baklengs inn i ein kvit van og blei fanga.

Det viste seg at deie folkane var med i ein sekt, en rasistisk sekt som KKK. Dei var kledd veldig gammeldags, jentane hadde blomstrete kjole og langt hår i fletter. Dei ville forgude meg for at eg hadde drept denne svarte gutten, men eg sa at eg ikkje hadde drept han, men dei ville ikkje tru på det. Dei frakta meg til campen dei sin, eller det område dei hadde sin kult. Eg tru at den var i Åseral den au, langt inn i ein plass eg aldri hadde vært før. Der var eg lenge, veker, måneder, år, eg veit ikkje, men lenge var det. Eg fant ei blokk her og skreiv at eg hadde aldri drept noen, og eg tenkte på å gjømme den ein plass sånn at noen fant den. Så var det ei jente som så stygt på meg, eg tru ho var synsk eller noe, for ho viste kå eg hadde skrive. Det måtte ikkje komme ut at eg faktisk ikkje hadde drept den gutten, for då kom dei til å drepe meg eller noe. Plutselig under det eg hadde skrive så sto det nå noe med blomster eller noe, som ho jenta hadde skrive, uten å faktisk skrive det. Eg tok å reiv a lappen og åt den. Men så tru eg folk fant ut henne eg oppholdt meg, så mi måtte rømme den plassen.

Mi gjømte okke i fjellet med Ørevannet, rett med hytta t min familie. Det var ein slags inngang i fjellet som mi kjørte inn i med båt. Eg tru dette he med at det er ein skipedder, eit slags tak som man kan kjøre under med båt som er der på ordentlig. Og det er ein historie om at Olav den heilage he forsvunne inn i det fjellet med båt eller noe sånt. Men folk fant gjømmestedet okkes, og dei fant ut ein måte å åpne fjellet dei også, men dei måtte holde fjellsida åpen for å komme inn. Dette var då folk fra bygda, dei som ville "korsfeste" meg for at eg hadde "drept" denne gutten. Og når dei såg kem eg var med ville dei vertfall ta dei også. Bygde folket hadde med våpen, pistoler og sånn. Eg fekk tak i ein og då sa eg at eg hadde ikkje drept noen, og at eg banka ikkje opp den gutten, eg bare forsvarte meg. Eg hjalp mange å komme inn i hula og eg sikta mitt våpen på dei kult folkane. Då skjønte bygdefolket at eg var på dei sin side, og kult folkane blei skikkelig sinna, men kunne ikkje gjere noe for dei hadde ikkje våpen.

Eg tru det endte med at eg kom meg ut derifra og at deie kult folkane blei fanga og brakt til politiet eller noe. Men eg tru at det viste seg at den eldste broren av dei som stoppa meg med skula, at det var han som hadde drept denne gutten. Koffer, det tru eg var fordi han hata meg skikkelig og ville legge skjulda på meg.

Men innimellom denne slossgreia i hula, så var det andre gjenger som ikkje var fra bygda. Det var måla i forskjellige farge. Eg huske tydelig ein gjeng på fire som var heilt grønne og hovedlederen der var Seth Green (ironisk ikkje sant). Eg spurte dei koffrer det var gjenger som var måla i forskjellige farger, men det viste han ikkje vist nok. Det var noe meir magisk og rare ting som skjedde som ikkje hadde noe med historia å gjere, men det er eg litt usikker på. Men noe eg huske er at på ein måte så blei eg til ein mann, og det var Rambo. Og eg vant noe greie inni denne hula, noe sånnt som beste slosskjempe eller noe. Alt dette lager jo ingen meining, men det er jo for at dette var ein drømm.