mandag 26. januar 2009

Breaking dawn, Tale of the body thief, ljosløypa, ribosom

Ein liten oppdatering fra min side her på min blogg; eg har lest bok 2 og 3, og har begynt på bok 4 i denne Twilightserien. Det gjenge litt for fort egentlig, men er jo så lettleste bøker man ikkje bli sliten av å lese, og spenningen teller jo au. Er så spanande at eg ikkje kan legge dei ned vettu. Lese au Tale of the body thief av Anne Rice, og fyttigrisen, den er litt morro den au!! Litt tung å lese, tungt språk, men veldig bra skreve, artistisk u know. Lestat i ein mortal body (menneske kropp), kor han må gå på do for fyste gong på 200 år, haha! Åååh, gøy! Disgusting organ that smells and urine comes out.

Åså he eg hatt min fyste skitur for vinteren. Og då preke eg ikkje om å renne på ski, men å gå langrenn, ordentlig trimming! Eg gjekk ein runde i lysløypa, 3.5 km, og det tok ein halvtime. Det var fælt å måtte gå så seint, ville ha fart! Eg kjente at kroppen kunne ta i så mye meir, men lungane nekta meg det. Eg ville ikkje ta astma medisinen, for eg skjelve som pokkeren og hjertet slær mye raskere, er ekkelt. Men ja, det gjer vondt, men sånn er det når man er i så dårlig form som meg og har annstrengelses astma..

Åså drive eg i å lese på naturfag prøve om arv og gener og sånnt. Teke mye tid å fyst kunne forstå det, åså å faktisk huske det au! puh, m-RNA, ribosom, cytoplasma, nitrogenbase og allt sånn.. He jo elendig hukommelse og klare ikkje å konsentrere meg så veldig bra, så eg veitkje kossen dette kjeme t å gå..

Ingen kommentarer: