fredag 11. mars 2011

2600kr rett i do

På tirsdag gjorde eg noe utrulig teit, og noe eg aldri trudde eg kom til å gjere. Eg gjekk inn på badet, såg ei maur på golvet, drepte den med eit dopapir, også bøyde eg meg og heiv papiret i doen også sa d *PLOPP*. Det var ein litt høg lyd syns eg, og så skjønte eg kå som hadde skjedd. Eg holdt på å skrive melding, skulle bare inn på doen og hadde lagt mobilen i lomma på Lundheim hette genseren min. Eg sa: Ånei! Og stappa handa neri doen og tok opp mobilen min. Eg tørka den med ei gong med eit håndkle, og såg at skjermen blinka også dødde den. Eg prøvde i panikken å skru den på, tenkte ikkje heilt klart. Den blinka litt, også dødde den igjen. Og nå for godt. Eg åpna mobilen, det var vann til og med under batteriet og sim kortet. Eg tørka mobilen inni au, og prøvde på nytt, nå ville den ingenting. I panikken så tenkte eg ikkje på strøm + vann = ikkje bra. Så eg drepte nok mobilen når eg prøvde å skru den på. Eg fant kviteringa, og las på garantien. Den dekka ikkje uhell, og dei nevnte uhell med væske. Så den levde bare i 3 mnd, kjøpte den til jul. Og nå bruke eg den gamle igjen.


Eg tenke litt at jaja, eg vakje så fornøyd me ann alikavel, men uansett, eg brukte jo 2600 kr på den, som eg ikkje kan få tilbake. Eg hadde just flytta øve bildane eg hadde tatt, så ikkje noe problem akkuratt det. Det som var værre er jo at eg bruke den som avtalebok. Etter dette he eg funne ut at det ikkje er så lurt å bruke mobilen til for mye. Så eg he kjøpt sånn 7ende sans kalender bok ting, Nemi. Så nå ska eg bruke den istede for ein mobil. Eg føle det er litt sikrere, også kan eg jo skrive litt meir og forskjellig inni den. Også er det noen Nemi striper :)

Ein annen opplevelse er at eg var på mitt første Sørlandske fotograflaug møte. Eg var der i mange timer. Først var det selve møte, dei snakka om året som hadde gått, og om budsjettet og sånne ting. Også diskuterte dei mye om å selge digitale filer til kunder, helst brudepar. Er mange som er imot det, for då kan man aldri vite kossen print kvaliteten blir på bildane, hvis dei printe det hos Japan Foto f.eks. Også fekk 3 gamle fotografer æresmedlemskap, også var det middag. Fancy biff som blødde, og varm sjokolade ting og is og masse rart til dessert. Eg fekk treft mange foto folk, blant annet noen andre lærlinger.


Det var ein veldig komisk hendelse då, Peder Austrud, ein fotograf som kjeme fra Åseral, men bu i Mandal, og har budd der nesten heile sitt liv, han skulle holde ein tale. Og eg satt sånn ca i midten med bordet, og han fant ut at han skulle stå bak meg og holde ein tale. Han dreiv å gestikulerte noe voldsomt, i håret mitt. Han heiv armane rundt og dei kræsja i håvet mitt heile tia. Eg prøvde å holde meg, å ikkje le. Men pga Liv Unni (To fotografer) så klarte eg ikkje å holde meg. Ho fniste noe så voldsomt, og då måtte eg au bare le, eg kjente eg blei skikkelig varm i fjeset. Eg tru nok det var fleire som la merke til det, for det var fleire som lo. Og det passa veldig bra til talen til Peder, han laga noen vitser, men ikkje alle lo pga vitsen, men meir for at han e så utrulig fjern. Eg skjønne ikkje at man ikkje kan legge merke til at man treffe noen i hodet fleire gonger, i fleire minutt. Eg bare sank lengre og lengre i stolen, prøvde å unngå hendane han sine, men det funka dårlig. Han er veldig rar og fjern. Begynne å bli ganske gammel då.

Ingen kommentarer: