tirsdag 24. mai 2011

Eg skal bli sporty!

Litt av kvert he skjedd sia sist eg skreiv faktisk, det blir ofte sånn at eg utsette skrivinga, også samle opp ting å skrive om, og så blir det kanskje litt mye på ein gong, men eg ska prøve å holde meg bittelitt kort :P

Ein dag eg skulle på jobb, så starta ikkje bilen min, batteriet var dødt. Eg gjekk ner bakken og tenkte eg skulle prøve å ta bussen, sjøl om eg ikkje veit kå busstoppet heite. Men så såg eg at det er jo eit bilverksted rett på sia busstoppet! Så eg lurte meg inn og spurte om dei kunne hjelpe meg, for bilen min ville ikkje starte, og eg budde bare rett opp i byggefeltet. Ein ung gutt sa at han kunne hjelpe meg, og så kjørte mi opp til bilen min. Han fekk starta bilen me sånn nødstartboks ting, og eg kom meg på jobb. Eg hadde ringt å sagt ifra at eg kom seint, og sjefen hadde tatt me bil-batterilader. Den sto på heile dagen, men bilen ville ikkje starte. Så prøvde mi me ein sånn start boks ting igjen, og det funka heller ikkje. Så gjekk sjefen min og eg ner til biltema, for han hadde kjørt me motorsykkelen sin til jobb for å hjelpe meg. Så fekk eg eit nytt batteri, 600 kr, og nå virke bilen min kjempe bra. For ein utrulig grei sjef eg he som gidde å hjelpe meg :)





Eg sykla til jobb ei gong sist veke, det rigna dei andre dagane eg ville. Då eg sykla, så ga eg litt meir gass enn eg he gjort før, høgare gir og sto oppe i bakkane, det var tungt! Eg ga nesten opp rett før eg hadde komt heim, på å sykle opp bakkane, men så konsentrerte eg meg om musikken, og glømte at eg ikkje orka meir. Då eg gjekk a sykkelen klarte eg nesten ikkje å stå oppe, va heilt gele i beinane. Her kan du sjå kossen eg ser  ut langs veiane, føle meg veldig flink me hjelm og refleksvest :P





Samme dag som eg hadde sykla, så følte eg at eg kjeda meg på kvelden, vakje noe gøy på tv, og eg følte for å gjere noe litt meir fornuftig. Så kom eg på venninna mi Siri som ofte går tur på kveldane. Så då tok eg å gjekk ner bakkane i byggefeltet mitt, og til ein sving som eg hadde sett gpsen min ville kjøre heile tia, og tenkte kanskje det var ein liten skogsvei der. Eg hadde rett, og det var mye bedre enn det eg hadde forventa. Eg fant ein sti som gjekk inn i skogen, ner til vannet, langsvannet og så havna eg ein veldig rar plass. Eg såg fyst noen bilvrak deler, så mange tomme røykpakker på bakken, så såg eg eit himla rart tre og masse gammel murvegg. Hvis det har vært ein bygning der, så har det vært for veldig lenge sia, for det var nokså store tre på toppen. Syns det var veldig rart å finne noe sånt midt i skogen vertfall. Eg lærte ein ting på den turen, ikkje prøv å gå inn ubrukte sko på ein gåtur man ikkje veit kor langt man ska gå. Eg fekk skikkelig gnagsår, og holdt nesten ikkje ut opp bakkane, hadde veldig lyst å bare ta dei av å gå på sokkane. Men den turen var vertfall kjempe fin, der vil eg gå igjen. God og frisk luft, men hørte bil støyet fra veien som var i nærheten.






Så I det siste he eg vært ute å bevegd meg litt meir enn vanlig. Og så he eg faktisk kjøpt meg medlemskap hos Trimit, treningssenter midt i Arendal sentrum. Eg hadde veiledningstime i går, og fekk eit opplegg me forskjellige apperater som ska hjelpe for den dårlige ryggen min, kneane mine, hypermobile ledd og anstrengelses astmaen min. Himla greit å få eit ark me bilde og forklaring øve kossen man trene me dei apperatane. Og på slutten prøvde eg ut tredemølle for fyste gong. Eg gjekk/ jogga i 10 min, det var veldig rart å prøve å gå vanlig i begynnelsen, men så gjekk det bedre. Men når eg gjekk av den så var det så sært, for verden bevegde seg når eg gjekk, hjernen va innstilt på å stå stille når eg jogga. Føltes skikkelig ut som ein ut a meg sjøl opplevelse. Lure på om andre he følt d sånn?



På lørdag tok eg bilde av eit utdrikningslag og bruda i sexy undertøy. Bruda hadde egentlig vært gift i 10 år, men fekk hjernerystelse av å ri på ein hest når det var utdrikningslag då, så dei tok det 10 år seinare. Eg tok forskjellige oppstillinger av folkane, og sjefen meinte det var gode bilder, sjøl om eg følte det ikkje blei så bra den delen. Men den siste delen, av ho dama, det var driiiiiit gøy! Eg fekk leikt meg me lyset of mange forskjellige poseringer, det var så gøy og eg følte meg så proff. Det var litt stress me så mange kvinnfolk som skulle snakke i hode på alle sammen, så eg måtte brøle og være skikkelig streng, for eg hadde ein jobb å gjere. Sjefen såg igjennom bildane og sa han var mektig imonert, og at eg hadde vokse i den tida eg he vært der.  Eg følte eg vokste veldig bare på dei timane, eg føle meg mye tryggare på meg sjøl ette den fotograferinga, det gjekk så fint :)

Idag var mi på ein barnehage og tok bilde. Det blåste noe heilt forferdelig. Noen unger er vanskelige, men dei fleste var greie å ta bilde av. Noen må man lure til å ikkje sjå at mi teke bilde av dei, eller så grine dei bare. Men det morsomste var at ein unge reagerte når eg satt meg i førersete på bilen min, for det var eg som kjørte  idag. Han sa: "kan ei så lita jente kjøre bil??". Eg fekk litt hakeslepp, eg er 20 sa eg. Eg syns dette er veldig morsomt, for eg he følt meg litt gammel i alder i det siste. Mi he fleire som er på praksis på jobb, og i samtaler me dei så huske dei ikkje ting fra 90 tallet som eg huske, for dei va så små. Og når eg telle år så bli eg plutselig så gammel. Det er faktisk 6 år sia eg konfirmerte meg og nesten 3 år sia eg blei 18. Det er litt skummelt å tenke på. Men tydeligvis ser eg fortsatt liten ut. Dei på trimit måtte spørre kor gammel eg var, altså då såg eg yngre ut enn 18. Ser eg virkelig så liten ut som folk syns??

Imåra skal mamma og pappa og meg ut på IKEA shopping, eg skal kjøpe ein etterlengta sofa, og eit bord og hyller. Eg har ei seng som sofa i stova. Og snart så skal eg bli samboer, det ekje lenge til midten av juni nå! Åhh, glede meg så å kunne sjå Helge kver dag :D Mi he snart vært sammen i 2 år og 1 år avstandsforhold. Og eg har snart vært hos Dannevig foto i eit halvt år, steike tida gjenge fort!

2 kommentarer:

Anonym sa...

kjekkt å høyra korleis du har det elida ! :D stå på ! drit bra ass! hilsen liiiiindaa

Perfeksjonisten sa...

Bilde etterlyses av dei tøffe møblene dine fra Ikea!! :) Klem fra perfeksjonisten